Pressemelding frå Sørnorsk filmsenter
Kirsten Bonnén Rask (58) er tilsett som ny dagleg leiar i Sørnorsk filmsenter. Kirsten Bonnén Rask har bakgrunn frå Filmkraft Rogaland, undervising, konsulentarbeid, arbeid som dramaturg, rettleiar, prosjektutviklar og mange ulike funksjonar i filmproduksjonar i heile Norden gjennom mange år. Ho har arbeidd saman med både leiande nordiske filmskaparar og med nye unge filmfolk på veg inn i bransjen.
Sørnorsk filmsenter forvaltar tilskot til utvikling og produksjon av kort- og dokumentarfilm i Agderfylka og Telemark. Med midlar fra Cultiva forvaltar vi også pengar til utvikling av interaktive produksjonar, tv-seriar og langfilm. Sørnorsk filmsenter tilbyr også eit breidt spekter av ulike kompetansehevande og bransjeutviklande tiltak.
---------------------
Beste helsing
Sørnorsk filmsenter
Jan Kløvstad
styremedlem
91 80 82 56
Kontaktinformasjon Kirsten Bonnén Rask mobil 91 80 82 21





