Velkomen til lunsj med Kirsten Bonnén rask onsdag 14. desember
Velkomen til lunsj med Kirsten Bonnén Rask i møteromet i 3. etasje i Aladdin, Kongensgt 4 onsdag 14. desember kl 1100. Vi spanderer rundstykke, kaffi og te, - og ein hyggeleg start på Kirstens arbeid som dagleg leiar i Sørnorsk filmsenter. Vi håpar alle i bransjen kan rive seg laus frå revolusjonerande skapande arbeid og få nye krefter gjennom mat og inspirasjon! Gi gjerne eit hint om DU kan kome (til jan.klovstad@venstre.no) , så vi kan bestille sånn omtrent så mange rundstykke vi treng. Det er godt kulturarbeid å fylle magen, men dårleg miljøpolitikk å sløse med maten... Velkomen!





