Velkomen til lunsj med Kirsten Bonnén rask onsdag 14. desember

Velkomen til lunsj med Kirsten Bonnén Rask i møteromet i 3. etasje i Aladdin, Kongensgt 4 onsdag 14. desember kl 1100. Vi spanderer rundstykke, kaffi og te, - og ein hyggeleg start på Kirstens arbeid som dagleg leiar i Sørnorsk filmsenter. Vi håpar alle i bransjen kan rive seg laus frå revolusjonerande skapande arbeid og få nye krefter gjennom mat og inspirasjon! Gi gjerne eit hint om DU kan kome, så vi kan bestille sånn omtrent så mange rundstykke vi treng. Det er godt kulturarbeid å fylle magen, men dårleg miljøpolitikk å sløse med maten... Velkomen!

På plakaten

Det finnes for tiden ingen planlagte arrangementer

Powered by Etomite CMS.