Har du ein ide til ein dokumentarfilm? No har du sjansen til å realisera draumen!

Den Norske Dokumentarfilmfestivalen i Volda vil gje nokre heldig utvalde sjansen til å pitche prosjektet sitt for eit panel med representantar frå NRK, TV2 og Norsk Filminstitutt.

Pitcheforumen vil bli arrangert 24.april. Presentér ideen din i eit synopsis (max 5 sider) og send det til pitch@dokfilm.no. Har du ein pilot du vil sende med, tek me gjerne imot søknaden din.

Adressa vår er: Den Norske Dokumentarfilmfestivalen i Volda, HVO, Postboks 500, 6101 Volda

Innsendingsfrist: 25.mars

Har du spørsmål?
Ta kontakt med nestleiar Signe Høgh på e-post: nestleiar@dokfilm.no eller telefon: 41 38 69 73

Ynskjer du å holda deg oppdatert på kva som skjer under festivalen? Gå inn på våre nettsider og abonnèr på vårt nyheitsbrev: www.dokfilm.no


Beste helsing

Stine Hommedal
Informasjonsansvarleg
Den Norske Dokumentarfilmfestivalen 2009

På plakaten

Det finnes for tiden ingen planlagte arrangementer

Powered by Etomite CMS.